Snedbetning, eller snidbotning, viser til byggjemåten til sunnmørsbåten.

Færing, snedbetning, sunnmørsbåt,

Ordet sned (uttale; snid, sne) tyder 'på skrå, skråande'. Nemninga snedbetning viser til måten botnborda skrår. Dei fleste norske bruksbåtane er bygde med heile bordgangar. Borda går samanhengande i heile båten si lengde. Dette er ikkje tilfelle med snedbetningen. Det nedste bordet (på storbåtane dei to nedste borda) vert avskrådd (sneda) ned mot kjølen. Dette fører til at borda vidare oppover i båten må skråast ned mot stemne og stamn. Denne skråinga vert gjort ved at kvart bord bakanfrå vert skjerva (skøytt) mot to bord framme (renningane). På denne måten vert den typiske snedbetningfasongen til: ein breid framende bygd av mange skrånande bord, og ein heller smal bakende.

Skjerving - eit bord vert skøytt mot to renningar. Gamal åttringside på naustvegg.


Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.