Snefjorden
fjord i Måsøy i Finnmark
70°49′31.033″N 24°31′49.480″E / 70.82528694°N 24.53041111°E
Snefjorden | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Måsøy | ||
Snefjorden 70°49′31″N 24°31′49″E / 70.82528694°N 24.53041111°E |
Snefjorden eller Snøfjorden (nordsamisk Muorralvuotna) er ein fjord i Måsøy kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 11 km søraustover til bygda Snefjord i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Burstadneset i vest og Avløysinga i aust. Den ytre delen av fjorden er ikkje busett. Inst i fjorden ligg bygda Snefjord i tillegg til eit par småbruk. Senfjordholmen ligg like utanfor Snefjord. Fjorden er 182 meter på det djupaste, heilt ytst i fjorden.
Riksveg 889 og Fv162 går langs den indre delen av fjorden.