Sniglehus
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Eit sniglehus er eit skal som sit utanpå og er ein del av kroppen til dei fleste snigleartane. Det vert nytta som vern mot predatorar og mekanisk skade og som feste for musklar. Landlevande sniglar treng dei ofte òg for å hindra uttørking.
Sniglehus består av fleire lag og består som regel av kalk rundt eit organisk «stilas». Det vert skild ut or mantelen, den same delen av blautdyrkroppen som skil ut skjelet hjå muslingar. Sniglehuset er som regel spiralsnodd, og er alltid i eitt stykke.