Socialdemokratiet

(Omdirigert frå Socialdemokraterne)

Socialdemokratiet (tidlegare Socialdemokraterne 2002–2016) er eit dansk politisk parti.

Socialdemokratiet

LandDanmark
Partileiar(ar)Mette Frederiksen[1]
Grunnlagt15. oktober 1871
HovudkvarterFrederiksberg
Medlemstal32 137 (2020)[2]
IdeologiSosialdemokrati Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrum-venstre

Socialdemokratiet har røter i det 19. hundreåret. Partiet blei stifta i 1871 av Louis Pio, Harald Brix og Paul Geleff. Formålet var å organisere den veksande arbeidarklassen på eit demokratisk, sosialistisk grunnlag. Sidan midten av hundreåret hadde Danmark vore inne i ein industrialiseringsprosess. Landbefolkninga flytta inn til byane og blei arbeidarar, og Socialdemokratiet sprang ut av kravet om å gje denne befolkningsgruppa rettferdige levevilkår og demokratiske rettar.

Ved folketingsvalet i 1924 blei Socialdemokratiet det største partiet med 36,6 prosent av stemmene, og partiet danna for første gong regering - med Thorvald Stauning som statsminister. Han utnemnde verdas første kvinnelege minister, Nina Bang, same året - ni år etter at kvinner fekk valrett i Danmark.

I heile perioden fram til 2001 har Socialdemokratiet med få unnatak hatt regeringsmakta, og det har dermed prega den danske samfunnsutviklinga på nesten alle område. Socialdemokratiet danna seinast regjering frå den 25. januar 1993 fram til den 27. november 2001 med Poul Nyrup Rasmussen som statsminister.

Partiet sin ungdomsorganisasjon heiter Danmarks Socialdemokratiske Ungdom (DSU). Partiet er medlem av Den sosialistiske internasjonalen.

Partileiaren er sidan 2015 Mette Frederiksen. Ho blei statsminister i Danmark etter valet i 2019.

Forholdet til LO

endre

Inntil midten av 1990-talet peikte Socialdemokratiet to medlemer til LO sitt arbeidsutval, og LO hadde to medlemer i Socialdemokratiet sitt arbeidsutval. Sjølv om det tette organisatoriske bandet ikkje lenger er der, arbeider LO og Socialdemokratiet framleis nært saman.

Partileiarar

endre
Partiformann Tiltro Avgang
Louis Pio 1871 1872
Carl Würtz 1872 1877
Ernst Wilhelm Klein 1874 1875
Louis Pio 1875 1877
Chresten Hørdum 1877 1877
A. C. Meyer 1878 1878
Saxo W. Wiegell 1878 1879
Chresten Hørdum 1880 1882
P. Knudsen 1882 1910
Thorvald Stauning 1910 1939
Hans Hedtoft 1939 1941
Alsing Andersen 1941 1945
Hans Hedtoft 1945 1955
Hans Christian Hansen 1955 1960
Viggo Kampmann 1960 1962
Jens Otto Krag 1962 1972
Anker Jørgensen 1972 1987
Svend Auken 1987 1992
Poul Nyrup Rasmussen 1993 2002
Mogens Lykketoft 2002 2005
Helle Thorning-Schmidt 2005 2015
Mette Frederiksen 2015 i dag

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre