Sollaug Sárgon

norsk samisk forfattar

Sollaug Sárgon (fødd 20. oktober 1965) er ein samiskspråklig pedagog og forfattar som bur Kautokeino.

Sollaug Sárgon

Nasjonalitet norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. oktober 1965 (59 år)
Sollaug Sárgon på Commons

Ho er utdanna som barnevernspedagog og har òg ein mastergrad i pedagogikk med fordjuping i spesialpedagogikk. Sárgon arbeider som pedagogisk-psykologisk rådgjevar ved Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule. Ho driv òg eige rådgjevingsfirma.

Sárgon har skrive barneboka Ovllá árgabeaivi (2000) på nordsamisk, leseboka Åvlan aarke-biejjie (2007) på sørsamisk og diktsamlinga Savvon bálgáid luottastit (2010) på nordsamisk.[1]

For diktsamlinga Savvon bálgáid luottastit (2010) vart ho nominert til Nordisk råds litteraturpris for 2013.[2]

Bibliografi

endre
  • Ovllá árgabeaivi – lettlesen barnebok, nordsamisk, Iđut 2000
    • Åvlan aarke-biejjie – sørsamisk, 2007
  • Savvon bálgáid luottastit – dikt, nordsamisk, Iđut 2010
    • Gå opp gjengrodd sti – bokmål, 2013
  • Ii cága cihkosii – dikt, nordsamisk, Iđut 2017
  • duđa eallimii – dikt, nordsamisk, Iđut 2019
  • Morihit giđđii – dikt, nordsamisk, Iđut 2020

Kjelder

endre
  1. idut.no, arkivert frå originalen 4. mars 2012, henta 18. oktober 2022 
  2. nrk.no Nominert til gjev litteraturpris, 1.12.2012