Solstråleøya

holme i Tysnes

60°04′22″N 05°35′20″E / 60.07278°N 5.58889°E / 60.07278; 5.58889

Solstråleøya
øy
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Tysnes kommune
Folketal 0
Kart
Solstråleøya
60°04′22″N 5°35′20″E / 60.0728°N 5.58891°E / 60.0728; 5.58891

Solstråleøya, tidlegare Olderholmen, er ein holme i Tysnes kommune i Vestland, rett aust for Stora Godøy. Holmen er veglaus og utan fast busetjing.

Holmen vart busett rundt 1889 av den velståande engelskmannen John Musgrove som bygde seg eit særprega, borgliknande hus her etter å ha blitt kjent med området som gjest på hotellet i Godøysund. Ved folketeljinga i 1900 budde det tre personar her.[1]

I 1905 gav Musgrove holmen som gåve til den nye norske kronprinsen, Olav. På 1920-talet vart det borgliknande huset erstatta av ei tømmerhytte, «Prinsehytta», som kongefamilien brukte ein del i mellomkrigstida. Hytta vart flytta frå holmen i 1949. Fram til 1960-talet budde ein oppsynsmann med familie på holmen.

Kjelder endre

  1. Folketeljing 1900 for Tysnes herred, frå Digitalarkivet
  • Ernst Berge Drange, Tysnes - Gards- og ættesoge 3 (Tysnes sogelag, 1989)