Søvngjengeri
Søvngjengeri eller somnambulisme er ei søvnforstyrring der personen går omkring, eventuelt snakkar eller held på med eit eller anna, medan ho eller han heile tida søv. Søvngjengeri går som oftast føre seg under dei stadia av søvn då ikkje drøymer, såkalla Non-REM-søvn, eller synkronisert søvn.
Søvngjengarar kan sjeldan gjere krevjande handlingar, som å opne låste dører eller vindauge. Fallulukker ved usikra vindauge og trapper kan hende. Søvngjengeri er vanlegare hjå barn enn hjå vaksne, kan henge saman med sengevæting, og går oftast over av seg sjølv i laupet av oppveksten. Hjå vaksne er søvngjengeri svært sjeldan, og kan ha samanheng med sjukdom. Somnambulisme opptrer som symptom dels ved former for epilepsi og dels ved reaktive sinnslidingar med medvitsforstyrringar, som kan komme etter eit alvorlig sjokk eller sjeleleg traume.
Søvngjengeri særmerker også det djupaste stadiet av hypnotisk transe, som mellom anna er kjenneteikna av ein høg grad av suggestibilitet.
Kjelder
endre- «søvngjenger» i Store norske leksikon, snl.no.