Soneturneringane i sjakk

(Omdirigert frå Soneturnering)

Ei soneturnering var ein del av Verdssjakkforbundet FIDE sitt kvalifiseringssystem mot verdsmeisterskapen i sjakk. Systemet bestod opphavleg av nasjonale turneringar, soneturneringar, intersoneturnering, kandidatturnering og til slutt ein tvikamp mellom vinnaren av kandidatturneringa og verdsmeisteren.

Frå 1948 til 1996Endra

Då FIDE reorganiserte sjakken i verda etter 2. verdskrigen, delte dei forbundet inn i soner, der til dømes Noreg saman med dei andre nordiske landa vart ein del av den sentraleuropeiske sona. Store sjakknasjonar, som Sovjetunionen og USA var eigne soner. Tanken var at nasjonale meisterskap i medlemslanda skulle kvalifisere for soneturneringa. Det var noko varierande kor mange som gjekk vidare frå kvar soneturnering til intersoneturneringa, alt etter antatt spelestyrke til dei beste spelarane i sona.

Dei som gjekk vidare til kandidatturneringa frå intersoneturneringa, var sikra plass i neste intersoneturnering, og slapp kvalifiseringa i soneturneringa.

Talet på soner auka etter kvart som FIDE fekk nye medlemsland.

Frå 1996 og til noEndra

Intersoneturneringane vart avskaffa i 1996, i samband med at FIDE endra verdsmeisterskapen til ei utslagsturnering med 128 deltakarar. Deretter kom soneturneringane til å kvalifisere direkte til verdsmeisterskapen.

Sidan har FIDE innført fire kontinentalmeisterskap: Europa, Nord- og Søramerika, Asia og Oseania, og Afrika. Dei enkelte kontinent kan velje å arrangere soneturneringar som kvalifisering til kontinentalmeisterskapen.

Dei fire kontinentalmeisterskapa fungerer i noverande VM-syklus 2007-2009 som kvalifikasjon til 89 plassar av dei 128 i Verdscupen i sjakk. Dei resterande plassane går til dei øvst plasserte i den førre verdscupen, kvinneverdsmeisteren, juniorverdsmeisteren, dei 20 fremste på FIDE si ratingliste, samt fem plassar som blir delt ut av FIDE sin president og fire plassar som arrangøren av Verdscup-turneringa delar ut[1].

KjelderEndra

FotnotarEndra