Sonntagberg
Sonntagberg er ein kommune (Marktgemeinde) i distriktet Amstetten i forbundslandet Niederösterreich i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 18,3 km² og i kring 3 800 ibuarar. Kommuneleiinga held til i Rosenau, den mest folkerike landsbyen i kommunen.
Kommunen er særleg kjend for Basilika Sonntagberg, ei 300 år gammal kyrkje plassert på ei høgde, 712 meter over havet, og som kanskje sjåast frå vidt ikring.