Sony α7
Sony α7 er eit spegellaust systemkamera lansert 16. oktober 2013 av Sony. Det har ei CMOS-biletbrikke i 35 mm-format med ei oppløysing på 24,3 megapikslar. I lag med α7R er det det fyrste spegellause systemkameraet for forbrukarar med 35 millimeter-sensor.
Kameraet kan ta 5 bilete per sekund. Det kan òg ta opp video med ei oppløysing på 1920 × 1080 pikslar og ein biletfrekvens på 60 bilete per sekund.
Kjelder
endre- «Her ser du et speilløst fullformatskamera». Tek.no. 16. oktober 2013. Henta 26. juli 2020.
- «Sony announces A7 and A7R: first full-frame mirrorless cameras». DPReview. 16. oktober 2013. Henta 26. juli 2020.