Sortland Idrettslag
Sortland Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande på Sortland i Nordland fylke. Laget vart skipa 5. november 1916 og er i dag ein rein fotballklubb. Sortland IL spelar i kvite fargar med svarte bukser.
Sortland IL har tidlegare hatt aktivitetar som ski, turn, friidrett og volleyball. Indre usemje om lagsutgifter førte til at friidrettsgruppa braut ut og skipa eige lag i 1988, andre grupper fylgde same viset i 1989.