Sosnovyj Bor i Leningrad oblast
Sosnovy Bor (russisk Сосно́вый Бор) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 65 000 innbyggjarar. Han ligg på sørsida av Finskebukta, 80 km vest for Sankt Petersburg. Byen dekker eit areal på 72 km².
Sosnovyj Bor Сосновый Бор | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Leningrad oblast | ||
Grunnlagd Bystatus |
1958 1973 | ||
Borgarmeister | Valeri Nekrasov | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
72 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
66 799 927,8 /km² | ||
Koordinatar | 59°54′N 29°06′E / 59.900°N 29.100°E | ||
Høgd over havet | 20 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 188510; 188540–188544 | ||
Retningsnummer (tlf) | (+7) 81369 | ||
Nettstad: www.sbor.ru |
Namnet på byen tyder «granskog» på russisk. Han vart grunnlagt i 1958, som ein busetnad for å tene Leningrad kjernekraftverk og fekk bystatus i 1973. Frå St. Petersburg kjem ein til Sosnovyj Bor med forstadstog frå Baltijskij stasjon.
Byen er ikkje berre kjent som «atomby» (russisk: атомград – atomgrad), men òg for sine forskningsinstitutt og bygningsindustri. Det er rundt fem hundre store og små føretak i byen, mange av dei teknologisk orienterte.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sosnovyj Bor» frå Wikipedia på bokmål, den 17. januar 2009.