Soukous (frå fransk secouer, som tyder ‘rista’) er ein sjanger innan afrikansk populærmusikk. Musikkstilen, som òg går under namnet Congolese, oppstod i Kongo-Kinshasa og Kongo-Brazzaville[1] på midten av 1900-talet, då latinamerikansk dansemusikk var veldig populær. Soukous kan seiast å ha byrja som ein afrikansk variant av rumba, ei vidareutvikling av kongolesisk rumba med raskare danserytmar og intrikat gitarimprovisasjon.[2] Soukous blandar tradisjonelle kongolesiske rytmar med moderne musikkinstrument. Ein nyttar typisk elgitar, kontrabass, conga, ein tredje gitar (misolo) og messing- og treblåseinstrument.[3][4]

På 1960-talet leia framvoksteren av opptaksstudio og radiostasjonar og dessutan gjennombrotet til elgitaren til at soukous fekk ein meir moderne sound. Musikken blei spelt av store orkester med songarar, conga, gitar og bass. Tidlege representantar for musikkstilen var Joesph Kabaselle (1930–1983) og Franco Luambo (1938–1989).

På 1980- og 1990-talet vann soukous innpass i Paris,[5] der mange afrikanske musikarar då var verksame. Stilen blei påverka av både søramerikanske og karibiske musikkstilar, i tillegg til bruk av synthesizer og andre elektroniske instrument. Døme på moderne soukousartister er Zaiko Rekka Rekka, Diblo Dibala, Kanda Bongo Man, Koffi Olomide og Papa Wemba.

Ndombolo, ein raskare variant av soukous, er òg namnet på ein dansestil. Populære artistar er Ndombolo Awilo Longomba, Koffi Olomide, JB M'Piana og grupper som Ekstra Musica og Wenge Musica.

Kjelder

endre
  1. Appiah, Anthony; Gates, Henry Louis (2010). Encyclopedia of Africa, Volume 1. Oxford, UK: Oxford University Press. s. 407–408. ISBN 9780195337709. 
  2. Appiah, Anthony; Gates (Jr.), Henry Louis (2010). Encyclopedia of Africa (på engelsk). Oxford, United Kingdom: Oxford University Press. s. 407–408. ISBN 978-0-19-533770-9. 
  3. Davies, Carole Boyce (29. juli 2008). Encyclopedia of the African Diaspora [3 volumes]: Origins, Experiences, and Culture [3 volumes] (på engelsk). Santa Barbara, California: Bloomsbury Publishing USA. s. 849. ISBN 978-1-85109-705-0. 
  4. Domosh, Mona; Jordan-Bychkov, Terry G.; Neumann, Roderick P.; Price, Patricia L. (2012). The Human Mosaic (på engelsk). Macmillan. s. 416. ISBN 978-1-4292-7200-1. 
  5. Peek, Philip M.; Yankah, Kwesi (2004). African Folklore: An Encyclopedia. New York, NY: Routledge. s. 548. ISBN 9781135948733.