Sound of Freedom
Sound of Freedom er ein amerikansk spenningsfilm frå 2023, regissert av Alejandro Monteverde og med Jim Caviezel, Mira Sorvino og Bill Camp i hovudrollene. Caviezel speler Tim Ballard, ein tidlegare amerikansk regjeringsagent som legg ut på eit oppdrag for å redda barn frå menneskehandlarar i Colombia. Filmen er produsert av Eduardo Verástegui, som også speler ei rolle i filmen. Handlinga er sentrert kring Ballards Operation Underground Railroad, ein organisasjon mot menneskehandel.
Regi | Alejandro Monteverde | ||
---|---|---|---|
Produsent(ar) | James Caviezel, Eduardo Verástegui, Jaime Hernandez | ||
Medverkande | James Caviezel, Mira Sorvino, Kurt Fuller, Eduardo Verástegui, Bill Camp, Javier Godino, Manny Pérez, Gustavo Sánchez Parra, José Zúñiga, Mauricio Cujar, Gary Basaraba, Gerardo Taracena, Scott Haze, Valerie Domínguez, James Quattrochi, Kris Avedisian | ||
Klipp | Brian Scofield | ||
Musikk | Javier Navarrete | ||
Distributør | 20th Century Studios Home Entertainment, Angel Studios, Q28873012, ADS Service | ||
Utgjevingsdato | 4. juli 2023, 15. november 2023 (Frankrike),[1] 25. januar 2024 (Ungarn) | ||
Lengd | 131 minutt | ||
Opphavsland | USA | ||
Språk | engelsk, spansk | ||
Inntening | 231 000 000 US-dollar[2] | ||
Sjanger | actionfilm, Krim(film), dramafilm |
Sound of Freedom vart utgjeven i USA den 4. juli 2023 av Angel Studios. Han var ein sovande suksess, og vart ein av dei mest suksessrike uavhengige filmane gjennom tidene.[3] Filmen har tent inn 245 millionar US-dollar mot eit budsjett på 14,5 millionar US-dollar. Han fekk blanda mottaking frå kritikarar, medan mottakinga frå publikum har vore meir positiv.
Kjelder
endre- ↑ Jean-David Blanc, AlloCiné (på fransk), 267218, Wikidata Q31165, henta 5. november 2023
- ↑ https://www.boxofficemojo.com/release/rl4254237441/; arkiveringsdato: 10. juli 2023; arkiv-URL: https://web.archive.org/web/20230710032540/https://www.boxofficemojo.com/release/rl4254237441/.
- ↑ Joe Coscarelli; Marc Tracy (22 August 2023). «How 'Rich Men North of Richmond' Reached the Top of the Charts». The New York Times (på engelsk). Henta 22 August 2023. «"Sound of Freedom," [...] Its nearly $180 million in domestic box office receipts have already made it one of history's most successful independent films»
Bakgrunnsstoff
endre- Sound of Freedom ved IMDb