Sparebankstiftelsen DNB
Sparebankstiftelsen DNB, opphavleg Sparebankstiftelsen DnB NOR, er ei norsk stifting som er den største i landet i sitt slag. Stiftinga har som føremål å halde fram med tradisjonen frå sparebankane om å dele ut middel til ålmennyttige føremål frå avkastinga av finansverksemda.
Sparebankstiftelsen DNB | |||
| |||
Type | stiftelse | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 984853971 | ||
Skipa | 10. september 2002 | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Motto | Vi utløser gode krefter | ||
Nettstad | http://www.sparebankstiftelsen.no |
Sparebankstiftelsen DNB eig om lag ti prosent av finanskonsernet DNB, og er med dette (per 2011) den nest største aksjonæren i dette konsernet etter den norske staten. Stiftinga er òg medlem i den ideelle foreininga Foreningen Store norske leksikon, som driv nettleksikonet snl.no.
Historie
endreStiftinga vart skipa i 2002 i samband med at ein part av selskapet Gjensidige NOR vart omdanna til aksjeselskapet Gjensidige NOR ASA, og i 2003 fusjonerte med Den norske Bank (DnB) til finanskonsernet DnB NOR. Etter at DnB Nor slo saman verksemda i DnB NOR Bank, Postbanken og Vital i 2011 og endra namnet til DNB, fekk Sparebankstiftelsen DNB NOR sitt noverande namn.
Kjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |