Spelemannslag

Eit Spelemannslag er ein samskipnad av spelemenn, gjerne med det føremålet å ta vare på den lokale tradisjonsmusikken i eit område. Denne typen spelemannslag har preg av å vera ein interesseorganisasjon, som syter for rekruttering av nye spelemenn og tradisjonsberarar. Dei ulike spelemannslaga er i dag rekna som delgrupper under Landslaget for spelemenn, og tilslutta dette.

Mange spelemannslag i dag nyttar ofte nemninga «spel og dansarlag», av di dansarane i folkemusikkrørsla og med tida vart tilslutta laga. Nokre stader, som i Vinje, er det skild mellom spelgruppa og dansargruppa (Vinje spelemannslag og Vinje Dansarring).

Ulike spelemannslag tek kvart år på seg å arrangere Landskappleiken, stødd av LFS. I 2009 vart Landskappleiken arrangert i samarbeid mellom Geilo Spelemannslag og Ål Spelemannslag.

Det finst grovt sett eit spelemannslag for kvar kommune innanfor hardingfeleområdet. Soleis er det fem aktive lag i Valdres, eit svært aktivt folkemusikkområde. Nokre lag kan reknast som "sovande".

Ulike lagEndra

ValdresEndra

HallingdalEndra

NumedalEndra

TelemarkEndra

HordalandEndra

Sogn og FjordaneEndra

Møre og RomsdalEndra

HedmarkEndra

GudbrandsdalenEndra

OsloEndra

Andre grupper med skyldte arbeidsområdeEndra