Spesialisthelseteneste

(Omdirigert frå Spesialisthelsetenesta)

Spesialisthelseteneste er ei helseteneste ytt med heimel i spesialisthelsetenestelova av 1999. Fram til denne lova trådde i kraft i 2001 var omgrepet brukt som uspesifisert nemning på regional helseteneste og ymse private helsetenestetiltak som vert drivne med eller utan tilskot frå staten.

Frå og med 2002 er det staten gjennom dei regionale helseføretaka (RHF) som har plikt til å sørgja for naudsynte spesialisthelsetenester til folket. Dette vert i hovudsak ivareteke gjennom dei helseføretaka (HF) som dei regionale helseføretaka eig.

I tillegg til undersøking og behandling som krev spesialistkompetanse har spesialisthelsetenesta ansvar for å medverka med helsefagleg forsking, utdanning av helsepersonell og utdanning av pasientar og pårørande. Forutan å driva sjukehus og spesialiserte poliklinikkar, omfattar spesialisthelsetenesta òg ambulasetenester, laboratorieverksemd og finansiering av enkelte privatpraktiserande lækjar- og psykologspesialistar.

KjeldeEndra