Opna hovudmenyen

Sportsklubben Baune er eit idrettslag heimehøyrande på Landås i Bergen kommune, skipa 11. mars 1936. Laget er i dag aktivt med i fotball, tidlegare har også friidrett, skiidrett, handball og innebandy hatt avdelingar i Baune.

Baune var på sitt beste i fotball i 1960-åra. 1966-sesongen deltok laget i 2. divisjon, der det var i avdeling med mellom byrival Sportsklubben Brann, eit lag Baune slo 2-0 på Brann stadion, men det enda likevel med at Baune vart nest sist i avdelinga og rykte ned i 3. divisjon.

Siste åra har Baune spelt på nivå 5 og 6 i norsk seriefotball.

KjelderEndra