Sportsklubben Stag

Sportsklubben Stag er eit idrettslag heimehøyrande i Stavern i Vestfold, skipa 17. juni 1945. Laga vart danna då Stavern Idrettsforening og Agnes Idrettslag slo seg saman. Stag har om lag 1100 medlemer og er aktivt med i fotball, handball og troppsturn. Kvite trøyer og grøne bukser og strømper er Stag sine klubbfargar.

Stag sitt fotballag var på sitt høgste nivå då det i 1969 spelte i 2. divisjon avdeling A, der Stag møtte lag som Vålerengen IF, Mjøndalen IF og avdelingsvinnar Pors. Stag enda då på 7. plass og rykte ned i 3. divisjon, same året som det vart tap i 3. runde i NM-cupen mot blivande finalist Fredrikstad FK.

Stag har dei seinare åra hatt eit av dei beste mannskapa i kroppsturn i Noreg.

Kjelder endre