Språkbanken
Språkbanken er ein teknologisk infrastruktur som er samansett av digitaliserte språkressursar til bruk i utvikling av IKT-basert teknologi som fordrar handsaming av språklege data. I budsjettproposisjonen for 2010 fekk Nasjonalbiblioteket i oppdrag å etablere ein norsk språkbank og byrje arbeidet med innsamling og oppbygging av dei språkressursane som skal inngå i han. Språkbanken er ei teneste til den delen av næringslivet som arbeider med utvikling av språkbasert IKT, til forskarar innanfor språkvitskap og språkteknologi, og til offentlege verksemder som utviklar elektroniske løysingar for offentlege tenester. Språkbanken er eit viktig nasjonalt infrastrukturtiltak som skal sikre at det blir utvikla språkteknologiske produkt tufta på norsk språk, og dermed hindre tap av bruksområde for norsk språk på teknologiavhengige område (St.meld. 2007-2008).[1]
Tenester
endreRessursane til Språkbanken ligg tilgjengelege på nett til gratis nedlasting. Døme på tilgjengelege ressursar er leksikalske databasar og taledatabasar. Språkbanken vil etter kvart òg innehalde store tekstkoprora, n-gram for dei skandinaviske språka, dataverktøy til handsaming av elektronisk tekst og tale, m.m. Språkbanken har sett i gang arbeidet med ulike prosjekt.