Språkrådet i Sverige

svensk statleg råd for språkspørsmål

Språkrådet i Sverige er det offisiellet organet i landet for språkrøkt og språkpolitikk. Det vart skipa 1. juli 2006 gjennom ei samanslåing av dei tidlegare sjølvstendige organa Sverigefinska språknämnden, Svenska språknämnden og Klarspråksgruppen som ei avdeling ved det nye Institutet för språk och folkminnen. Språkrådet overtok oppgåvene til dei tidlegare organa, og har blant anna til oppgåve å ta vare på språkbruken til styresmaktene. Òg minoritetsspråk som samisk og meänkieli inngår i verksemdområdet til Språkrådet, likeeins teiknspråk. Språkrådet gjev ut tidsskrifta Språkvård og Kieliviesti.

Språkrådet i Sverige
Skipa1. juli 2006
HovudkontorStockholm
EigarskapInstitutet för språk och folkminnen, Kulturdepartementet i Sverige

Det finst òg eit anna svensk språkorgan med offentleg støtte, nemleg Terminologicentrum. Dette organet arbeider med liknande spørsmål, men er spesielt innretta mot fagspråk og terminologi.

Det finst ingen offisielt fastslegen instans for regulering av svensk i Sverige. Språkrådet har likevel halvoffisiell status som språkorgan, og vert finansiert av den svenske regjeringa, men har ingen ambisjonar om å utøva direkte kontroll over språket, slik til dømes Académie française har. Språkrådet består av representantar frå ei rekkje ulike organisasjonar, inkludert Svenska Akademien. Dets fremste middel for å regulera språket er gjennom ordbøker som Svenska Akademiens ordlista (SAOL), og dessutan ei rekkje ulike handbøker i grammatikk, staving og rettskriving. Sjølv om SAOL ofte vert vurdert som normerande, er funksjonen til ordlista først og fremst å skildra den samtidige språkbruken.

BakgrunnsstoffEndra