St. Valentin
St. Valentin er ein by og ein kommune i distriktet Amstetten i forbundslandet Niederösterreich i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 45,7 km² og i kring 9 300 ibuarar. Byen St. Valentin ligg 272 meter over havet, ei 20 km vest-nordvest om distriktshovudstaden Amstetten.
Nazi-Tysklands aller største produsent av panservogner, Nibelungenwerk, heldt til i St. Valentin. Dei seinare år er ein underleverandør til bilindustrien og ein landbruksmaskinfabrikk dei største sysselsetjarane i kommunen, begge eigd av utanlandske multinasjonale konsern.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «St. Valentin (Niederösterreich)» frå Wikipedia på tysk, den 23. november 2018.