Stade de Reims, eller berre Reims, er ein fotballklubb frå Reims i Champagne-Ardenne, nordaust i Frankrike. Klubben vart grunnlagt i 1911. Etter opprykk i 2012 spelar Reims i den fransk toppdivisjonen, Ligue 1.

Lagoppstillingane til den aller fyrste finalen i Europacupen i fotball mellom Real Madrid (kvite) og Reims (raude)

Reims hadde si stordomstid frå 1948 til 1962. I den perioden vann klubben alle sine seks seriemeisterskap og to nasjonale cupmeisterskap. Både i 1956 og 1959 spela Reims seg fram til finalekamp i Europacupen, men tapte begge gongane for Real Madrid.

Lagets draktfargar er raud trøye med kvit bukse. Stade de Reims spelar heimekampane på Stade Auguste Delaune,med plass til 21 700 tilskodarar på tribunane.

Merittar endre

  • Europacupen: Finaletap 1956 og 1959
  • Ligue 1 (6): 1949, 1953, 1955, 1958, 1960 og 1962
  • Coupe de France (2): 1950 og 1958

Kjelder endre