Koordinatar: 60°50′20″N 6°40′59″E

Stalheim er ei grend i Voss herad. Her ligg gardane Stalheim, Brekke og Sivle.

«Frå Stalheim» av I.C. Dahl

«Frå Stalheim» er eit kjent målarstykke av I.C. Dahl.

Historie Endra

Då postruta mellom Oslo og Bergen blei opna i 1647 blei Stalheim ein av dei mange postgardane langs ruta.

I 1750 blei «gjestastovo» tatt i bruk, men i 1885 blei det første hotellet opna.

Stalheim Hotel er eit hotell frå 1885. Det har sidan brunne ned tre gonger, sist i 1959. Hotellet som no står blei bygd i 1960 og utvida i 1966.[1]

Kjelder Endra

Referansar Endra

  1. Om Stalheim Hotell på nettstaden fotovoss.com, arkivert frå originalen 8. oktober 2013, henta 22. mai 2009 

Bakgrunnsstoff Endra