Stampa på Kvæstad

Vadmålstampa på Kvæstad i Suldal kommune er ei av dei siste stampene som er bevart i Noreg. Det er ein smålåten, enkel bygning som ligg nedanfor garden på Kvæstad og som sist var i bruk da det blei laga ein film om stamping av vadmål i 1970. Stampa blei da sett i stand, og det er truleg ein viktig grunn til at ho ennå står.

Stampa på Kvæstad.

Ryfylkemuseet eig stampa og arrangerer av og til demonstrasjonar ved stampa. Ho er elles ikkje allment tilgjengeleg.

Bakgrunnsstoff endre