Statsbudsjettet

(Omdirigert frå Statsbudsjett)

Statsbudsjettet er namnet på den samla oppstillinga over staten sine utgifter og inntekter komande år. I Noreg legg regjeringa kvar haust fram for Stortinget eit framlegg til statsbudsjett. Dette er alltid Stortingsproposisjon nummer ein (St.prp. nr 1). I samband med statsbudsjettet legg regjeringa også fram Nasjonalbudsjettet og framlegg til skatte- og avgift- og tollreglar for komande år. Det er Stortinget som vedtek statsbudsjettet.

Regjeringa sitt forslag til Statsbudsjett med Folketrygda for 2008 («Gul bok»).

I 2008 har det norske statsbudsjettet ei inntekt på 1036 milliardar kroner. 328 milliardar er inntekter frå petroleumsverksemda, 650 milliardar kjem frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg.

Statsbudsjettet har eit overskott på 265,4 milliardar som blir overført til Statens pensjonsfond - Utland. Utan inntekt frå petroleumsverksemda ville statsbudsjettet hatt eit underskott på 36,4 milliardar i 2008.[1]

Den største utgiftsposten i det norske statsbudsjettet er Folketrygda. I 2008 var det budsjettert med 258 milliardar til Folketrygda. Overføringa til kommunane er 113 milliardar og nest største utgiftspost i statsbudsjettet.[2]

Kvart departement har ansvar for eigne postar i statsbudsjettet. Dei har som oppgåve å øyremerke pengar til dei ulike underordna etatane i departementa.

Oppbygginga og innhaldet i statsbudsjettet blir bestemt av Stortinget. Dei gjeldande reglane er frå 2005, men byggjer i hovudsak på prinsippa som Stortinget vedtok i 1928. Hovudprinsippa til eit statsbudsjett er at:[3]

  • det skal vere fullstendig
  • det skal følgje bruttoprinsippet (som tyder at totale utgifter skal visast, ikkje utgifter fråtrekt inntekter)
  • det skal følgje kontantprinsippet (som tyder at inn- og utbetalingar skal førast i den perioden dei faktisk skjer i motsetnad til periodiseringsprinsippet som er vanleg i norsk næringsliv og offentleg forvaltning elles.)
  • at det gjeld berre for eitt år
  • inndelinga skal vere slik at likearta inntekter og utgifter blir ført saman
  • fullmaktsramma for løyvingar skal gå fram av budsjettet

I statsbudsjettet for 2023 hadde ein for fyrste gang ei grøn bok, klimaboka, som skulle seie noko om kva klimatiltak staten skulle gjere.

KjelderEndra

  1. Finansdepartementet (5. oktober 2007), «Nøkkeltall i budsjettet for 2008», Regjeringen.no (på norsk), henta 30. oktober 2022 
  2. Finansdepartementet (5. oktober 2007), «Statens inntekter og utgifter - en oversiktstabell», Regjeringen.no (på norsk), henta 30. oktober 2022 
  3. Finansdepartementet (10. januar 2020), «Bevilgningsreglementet», Regjeringen.no (på norsk), henta 30. oktober 2022 
  Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.