Stavingsrim
Stavingsrim er den delen av stavinga som ikkje er stavingsframlyd. Stavingsrimet består av stavingskjerna og stavingsutlyden. Namnet sitt har stavingsrimet frå metrikken, det er denne delen av stavinga som rimer i enderim, opptakta er irrelevant (jf. ut på tur, aldri sur). Skilnaden mellom lette og tunge stavingar blir rekna ut etter kor mange segment det er i stavingsrimet (lange vokalar eller konsonantar tel dobbelt).