Stein skole

Stein skole, også kjent som «Eventyrskolen», er eit lite skolebygg i Nes kommune som i dag er museum og utstillingslokale under Akershusmuseet. I 1930-åra vart skolen utsmykka av kjente norske kunstnarar, blant anna Reidar Aulie, Dagfinn Werenskiold, Henrik Sørensen, Birgit Abrahamsen, Harald Dal og Per Teigen. Dei skapte skolebygget om til ei fantasifull og fargestrålande ramme rundt undervisninga. Initiativtakarane til utsmykkinga var lærar på skolen gjennom mange år, Erling Elverhøy i samarbeid med Ingeborg Refling Hagen. Sidan Henrik Wergeland var heimehøyrande på Romeriksbygdene, er det naturleg at anden hans har fått setje ein god del preg på skolen.

Ved sidan av Stein skole ligg «gamleskolen» frå 1852, som var i bruk fram til 1912. «Eventyrskolen» var i ordinær bruk som folkeskole frå 1912 til 1972.

Mostu skoleStrandlykkja, ein tidlegare grendeskole sør i Stange i Hedmark, er utsmykka etter liknande idear.

BakgrunnsstoffEndra