Steinsfjorden i Lofoten
fjord i Vestvågøy kommune
68°13′53″N 13°31′09″E / 68.23139°N 13.51917°E
Steinsfjorden er ein fjord på Vestvågøy i Lofoten. Fjorden strekkjer seg 7,5 km austover til grenda Tangstad.
Fjorden har innløp mellom Skolmneset i nord og Kostbergan i sør. Det er ingen busetnader i den ytre delen av fjorden, men innanfor Bjørnarøya, som ligg midt i fjorden, stikk eit nes ut i fjorden frå aust og deler han i to. På nordsida ligg Mærvollspollen og grenda Mærvoll. På sørsida ligg Tangstadpollen.