Stemd språklyd

(Omdirigert frå Stemd konsonant)

Ein stemd språklyd blir uttala med vibrasjon i stemmebanda[1] (også kalla stemmelippene). Alle vokalar er stemde, i tillegg gjeld dette nokre konsonantar.[1] Ein språklyd uttala utan stemmebandsvibrasjon er ustemd.[1]

I det norske ordet språklyd (uttala [²spɾoːkˌlyˑd] mellom anna på Søraustlandet) har dei stemde språklydane [ɾ oː l yˑ d] og dei ustemde språklydane [s p k].

Nokre par av stemde og ustemde konsonantar er:

Stemd Ustemd
[b] [p]
[d] [t]
[g] [k]
[ʒ] [ʃ]
[v] [f]
[ð] [θ]
[z] [s]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «stemt språklyd». Store norske leksikon (på norsk). 28. november 2022.