Stemd språklyd
(Omdirigert frå Stemd lyd)
Ein stemd språklyd blir uttala med vibrasjon i stemmebanda[1] (også kalla stemmelippene). Alle vokalar er stemde, i tillegg gjeld dette nokre konsonantar.[1] Ein språklyd uttala utan stemmebandsvibrasjon er ustemd.[1]
I det norske ordet språklyd (uttala [²spɾoːkˌlyˑd] mellom anna på Søraustlandet) har dei stemde språklydane [ɾ oː l yˑ d] og dei ustemde språklydane [s p k].
Nokre par av stemde og ustemde konsonantar er:
Stemd | Ustemd |
---|---|
[b] | [p] |
[d] | [t] |
[g] | [k] |
[ʒ] | [ʃ] |
[v] | [f] |
[ð] | [θ] |
[z] | [s] |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «stemt språklyd». Store norske leksikon (på norsk). 28. november 2022.