Stig Berge (fødd 28. mars 1942) er ein norsk vitskapsmann og tidlegare orienteringsløpar frå Meldal i Sør-Trøndelag. Han vart verdsmeister i orientering i 1970, i same meisterskapen sprang han ein etappe for det norske mannskapet som vann stafett-gullet. Berge vart noregsmeister på klassisk-distansen i 1964 og på langdistansen i 1967, 1970 og 1971. Elles fekk han med seg eit nordisk stafett-gull i 1965.

Stig Berge
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. mars 1942 (82 år)
Meldal kommune
Idrett orientering
Utmerkingar

Aftenpostens Gullmedalje, Olavstatuetten, Sportsjournalistenes statuett

Stig Berge utdanna seg til sivilingeniør i teknisk fysikk ved Norges tekniske høgskole i Trondheim. Sidan vart han professor i faget, og arbeidde i fleire år som leiar for Institutt for marin teknikk ved NTH/NTNU.

Kjelder endre

  Denne idrettsartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.