Stipendiat er ein person som har mottatt eit stipend, ein pengesum gitt av det offentlege eller private til eit bestemt formål.

Ved norske universitet og høgskular er stipendiat (doktorgradsstipendiat) tittelen for vitskapleg tilsette som er tilsett for eit avgrensa tal år for å produsere doktorgraden sin. Stipendidatar blir som regel også pålagde undervisning av studentar, gjerne 75 % forsking knytt til doktorgraden og 25 % undervisning. Stipendiatstillingane kan vere direkte løna av den vitskaplege institusjonen, betalt av Forskningsrådet, Kreftforeningen, eller av andre. Stipendiat er ei rekrutteringsstilling som skal gjere stipendiaten kvalifisert til faste stillingar ved universitet eller høgskule, på førsteamanuensis-, eventuelt forskarnivå, og oppover.

Kjelder endre