Meteor

(Omdirigert frå Stjerneskot)

Ein meteor er lysfenomenet som blir observert i atmosfæren frå ca. 140-120 km over jordoverflata og nedover, når ei meteoroide eller fragment av ein komet frå verdsrommet kjem inn i atmosfæren. (Romskrot frå menneskeleg aktivitet i rommet kan òg gi opphav til meteorar.)

Foto av ein sterkt lysande meteor.

Meteorar har hastigheiter frå om lag 11,2 km/s til 72 km/s i det dei går inn i atmosfæren. 11,2 km/s representerer unnsleppingsfarten av eit objekt frå jorda, dvs. at eit objekt i ro relativt jorda og i svært stor avstand frå jorda, ville få denne farten om det fall inn mot jorda pga. gravitasjonstiltrekkinga frå denne.

Ein meteor kan vere så svak at han berre er synleg i større teleskop, til at han kan lyse sterkare enn sola (i eit kort tidsrom). Desse svært lyssterke, som vert kalla eldkuler eller bolider, er også svært sjeldne. Dei lyssterke av meteorane kan gi opphav til meteorittar som fell ned på bakken. Ein meteorittproduserande meteor har gjennomsnittleg lysstyrke om lag som månen i 1. kvarter (1/4 månesigd), men både lyssterkare og lyssvakare meteorar kan gi opphav til meteorittnedfall.

Dei fleste av meteorane som blir sett er likevel små fragment frå kometar. Det er ikkje bevist at kometmateriale har klart nedfarten gjennom atmosfæren og blitt funne som meteorittar. Grunnen er at kometfragment stort sett består av is (H₂O). Det same gjeld for meteorane som blir sett i samband med meteorsvermar, sjølv om som unntak nokre få av meteorsvermane kan knytast til asteroider. Eit eksempel på dette er Geminidane, som kan observerast i midten av desember kvart år. I tillegg til Geminidane er Perseidane (august) og Leonidane (november) dei mest kjende meteorsvermane.

Stundom kan ein sjå eit svakt lys etter at det eigentlege stjerneskotet er forsvunne. Dette kjem av rekombinasjonsstråling frå ioniserte molekyl.

Eldkule endre

Ei eldkule eller bolide kan ofte etterlate seg ei gasstripe på himmelen. Eldkula kan òg produsere lyd, og banen vert stundom avslutta med ein eksplosjon, fleire kilometer over bakken. Ei eldkule kan ha diameter på mange hundre meter. Størstedelen er derimot lysande gassar, medan den faste kjernen som regel berre er nokre centimeter eller desimeter. Restane av kjernen kan falle ned på jordoverflata og bli funnen att som meteorittar (meteorstein). Særs store kjerner kan skape meteorittkratere.

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre