Storåna i Sandnes

elv i Sandnes i Rogaland

Storåna er ei elv i Sandnes. Elva er om lag 4,5 kilometer lang og strekkjer seg frå StokkelandsvannetGanddal til Vågen i Sandnes sentrum. Elva vart opphavleg kalla Gandeelven, men skifta namn til Storåna på midten av 1800-talet. Langs elva går parkdraget Gandsparkene fram til Vågsgjerd i sentrum, før ho går i røyr om lag 600 meter og vert opna igjen like før utløpet i Gandsfjorden. Gjeldande kommuneplan føreslår å opne elva og byggje park gjennom heile sentrum.

Storåna
elv
Storåna (Sandnes).jpg
Storåna i Sandnes

Foto: Jarle Vines

Renn gjennom Sandnes
Kjelde Stokkelandsvannet
Munning Vågen i Sandnes