Storbjørnvatnet
Storbjørnvatnet er ein innsjø øvst i Bjørnådalen i Vefsn kommune i Nordland. Litt aust for Storbjørnvatnet ligg Litlbjørnvatnet, som er 0,12 km² og ligg 70 moh. Frå Storbjørnvatnet renn Bjørnåga, frå Litlbjørnvatnet renn Litlåga til ho renn ut i Bjørnåga ved Alsgården.
Storbjørnvatnet | |||
innsjø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Vefsn | ||
Høgd over havet | 72 moh. | ||
Areal | 0,33 km² | ||
Kystlengd1 | 3,3 km | ||
Koordinatar | 65°44′04″N 13°16′28″E / 65.73444°N 13.27444°E | ||
Storbjørnvatnet 65°44′04″N 13°16′28″E / 65.734444°N 13.274444°E | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Ved Storbjørnvatnet 10. mai 1940 stod dei siste kampane før Vefsndistriktet vart heilt okkupert av tyskarane. To nordmenn fall; det er reist ein minnebauta for desse for nordenden av vatnet ved E6.