Stord kyrkje er ei langkyrkje ifrå 1857 i Stord kommune i Vestland fylke.

Stord kyrkje
kyrkje
Arkitekt Andreas Grønning og Stockfleth
Teknikk Mur
Material Teglstein
Sitjeplassar 530
Kart
Stord kyrkje
59°47′14″N 5°30′40″E / 59.78716111°N 5.51101694°E / 59.78716111; 5.51101694
Wikimedia Commons: Stord kyrkje

Byggverket er i teglstein og har 530 sitjeplassar.

Den tidlegare mellomalderkyrkja var ifrå 1300-talet, men vart riven i 1854. Den nye kyrkja vart bygd på same stad i perioden 1854-57.

Kyrkja vart restaurert i 1955-1957 under leiing av arkitekt Torgeir Alvsaker. Av gamle «skattar» kan nemnast preikestol og pulpiturbrystning frå 1623, over døypefonten heng ei forgylt due frå slutten av 1600-talet, altarkalk og disk frå 1650, oblatøskje frå 1717, dåpsfat truleg frå 1600-talet, messehakel, messeskjorte, to lysestakar frå 1664, klingpung frå 1665.

Altaret som var i den gamle kyrkja kan ein framleis sjå i kapellet i Stord kyrkje.

Alter og altertavle

Mellomalderkyrkja endre

Sjølve kyrkjehuset i Stord var ei steinkyrkje frå mellomalderen (Ein trur at mellomalderkyrkja vart bygd rundt 1300-talet), først kalla Ådland kyrkje, etter garden kyrkja vart bygd på. Ho var ei av dei 20 mellomalderske steinkyrkjene i Sunnhordland, av slike står framleis tre att. Ho tente som kyrkje for stordabuen til ho blei riven i 1855 og avløyst av den noverande Stord kyrkje, bygd i 1857. I 1674 blåste kjølen av den gamle mellomalderkyrkja av.

I privat eige endre

I løpet av 1720-åra selde kongen alle kyrkjene i landet. Alle kyrkjene vart privateigd. Første eigar av kyrkja var oberstløytnant Hans Fredrik Green. Han betalte 560 dalar for kyrkja. Oberstløytnant Green eigde ikkje Stord-kyrkja mange år. Men han markerte seg i løpet av den tida det varte. I 1725 fortalde fleire husmenn at han i kraft av å vera kyrkjeeigar tok arbeid av dei. Dette kom i tillegg til det årlege haustedagsarbeidet husmennene hadde på prestegarden. Presteenkja Elisabeth, som hadde vore gift med den nyleg avdøde Thomas Scheen, kravde 12 skilling frå kvar av åtte namngjevne husmenn. Ho fekk gjennomslag for kravet sitt. Det hjelpte ikkje at husmennene forsvarte seg med at arbeidet dei hadde gjort for kyrkjeeigar Green måtte føra til at dei blei «fri for det arbeide som Sogne Presten til hørte». Det synest som om militærmannen hadde fått husmennene til å tru at arbeid for han og kyrkja, måtte kunne reknast som godt nok arbeid til også å oppfylla arbeidsplikta deira for prestefolket og prestegarden.

Green reiste også ei anna sak som kyrkjeeigar i Stord prestegjeld – han hadde fått tilslag på alle dei tre kyrkjene, også dei i Fitjar og Valestrand i tillegg til stordakyrkja. Saka galdt ei ku Mikkel Lønning hadde hatt i leige av Stord kyrkje. Det heile enda i 1725 med at kyrkjeeigaren heller måtte føra fram kravet sitt mot dei tidlegare kyrkjeverjene Reinert Agdestein og Johannes Nordhuglo. Mikkel hadde gjort rett og skjel for seg ved at han først hadde salta kjøtet av den ihelslåtte kua – ho hadde «falt udføre og slaget sig ihiel». Kjøtet var deretter blitt levert til sokneprest Scheen, saman med huda av kua.

Tollarsonen og jekteføraren Rasmus Krag var eigar av kyrkja kring 1750. Han selde unna dei tre gardane eller gardpartane som hadde høyrt til kyrkja: Nedra Eskeland, Kyvik og Søre Tveita. Ved avhendinga av desse gardane, selde han med eigedomspartar i kyrkja. I 1781 var det bøndene Rasmus Johannesson … og Lars Torbjørnson Eskeland?? … som var eigarar av soknekyrkja i Stord. Det året blei det den 4. februar halde synfaring av kyrkja. Presten Hans Paludan var med, saman med dei bygningskyndige bygdemennene Anders Pederson Lundemannsverk, Mats Andersson Vatna, Fredrik Baltserson Vatna og Hans Hansson Ådland.

Under synfaringa kom det snart opp ein vanleg diskusjon om ansvarsdelinga mellom kyrkjeeigarar og kyrkjelyd. Ved dette høvet galdt det kyrkjeklokka. Ho feila ein eikjeblokk, står det. Truleg galdt det bjelken ho skulle hengja etter.(?) Eigarane av kyrkja meinte at sidan folket brukte klokka utan å betala noko for bruken, var det rimelegast at dei – «Almuen» – fekk ta seg av og kosta istandsetjinga av klokka. Noka semje kom ikkje i stand under synfaringa, men det blei protokollført at saka måtte avgjerast av ”Stiftets høye Øvrighed”. Klokka var både stor, «vellydende og kostbar». Skade burde difor hindrast, viss så skjedde ville neppe ei så god klokke koma opp igjen – «i vore Tiider».

Klokkeskaden var den alvorlegaste mangelen ved Stord kyrkje i 1781. Her og der mangla nokre bord eller åsar, ja, i koret «fattes et Vindue». Heile korgolvet burde takast opp, like eins trongst den nedste delen av golvet på «Fruentimmersiden» – kvinnesida – å bli skifta ut.

Kyrkjesynfaringa i 1781 blei ikkje følgt opp dei første åra. Sokneprest Paludan rapporterte i 1782 at etter «det Syn» som hadde vore året før, «er siden intet reflecteret paa». Først ved inngangen til 1785 heiter det at kyrkjene var komne i brukbar stand. Også Eric Olsen kunne i 1796 melda frå om at både Stord kyrkje og dei andre kyrkjene i prestegjeldet var i forsvarleg stand. Kyrkjeeigarane var framleis dei same som i 1781.

Klokka i kyrkja er ifrå 1594, og vart flytta over ifrå den gamle kyrkja til den nye. På klokka står det på latin: «Verbum Domini manet in æternum» - 'Guds ord vert verande til evig tid'.

Bakgrunnsstoff endre