Store Lerresfjorden
fjord i Alta i Finnmark
Store Lerresfjorden (samisk Stuora Liidnavuotna) er ein fjord i Alta kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 6 km austover til Elvegarden i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Linnes i nord og Sommarneset i sør. Vest for Linnes går Lille Lerresfjorden nordaustover. Store Lerresfjord er ei bygd på sørsida av fjorden. Marivika er ein gard tvers over fjorden på nordsida.
Fv19 går langs begge sider av fjorden.
70°17′31.657″N 23°28′57.324″E / 70.29212694°N 23.48259000°E