Storevika på Fitjar
Storevika eller Storavikjo er ein gard på vestsida av Fitjar kommune ut mot Stokksund i vest. Garden grensar til Helland i nord, Hovstad i aust og Tislavoll i sør.
Storevika | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Kommune | Fitjar | ||
Gardnummer | 52 | ||
Ferdselsårer | SV920 | ||
Historie
endreGarden er ikkje gammal og var opphavleg husmannsplass under Helland. Garden er første gongen nemnt i skriftlege kjelder i 1645.
Storparten av Helland var adelsgods og hadde bygselretten til garden. Eigarane av denne parten eigde òg Storevika. Henrich Nitter eigde garden i 1661 og i 1668 var det Peder Nielsen Hjermann. Enkja hans, Bente Rafnsberg, selde i 1728 garden til brukaren Villum Knutson, og sidan den gong har brukarane vore sjølveigarar.
Den første brukaren på garden var ein Knut, som var brukar i 1649.
Namn
endreGardsnamnet har gjennom tidene vorte skrive på forskjellige måtar, som Storuig, Store Wiig, Storeuigh, Storeviigen, Storeuig, Stoervig, Storewiig, Store Vigen, Storeviig.
Namnet vert i dag skrive Storevik, medan daglegnamnet er Storavikjo.
Kjelder
endre- Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 1. Fitjar.
- Storevika på norgeskart.no