Storfjorden i Brønnøy

fjord i Brønnøy

65°30′50.764″N 12°32′32.161″E / 65.51410111°N 12.54226694°E / 65.51410111; 12.54226694 Storfjorden er ein fjordarm av Velfjorden i Brønnøy kommune i Nordland. Han strekkjer seg 9,5 km nordover.

Fjorden har innløp mellom Røyrvikodden i vest og Kiknesodden i aust. Det ligg eit par veglause gardar i den ytre delen av fjorden, på vestsida ligg Gavlen og på austsida ligg Fagerlia, Solvang og Engelsneset. Dei to sistnemnde ligg ved Spølodden og her går fjordarmen Lislfjorden austover. Storfjorden held fram nordover til garden med same namn i botn av fjorden.