Storfjorden i Romsdal
fjord i Romsdal
Storfjorden er ein delfjord av Romsdalsfjorden mellom kommunane Molde og Vestnes i Romsdal. Fjorden er ei fortsetjing av Midfjorden i vest og ligg sør for Moldefjorden. I aust går Karlsøyfjorden vidare austover på nordsida av øya Sekken. Romsdalsfjorden held fram sørover på vestsida av Sekken.

Fjorden startar i vest, like aust for Tautra, mellom Heggeneset ved Nord-Heggdal i Midsund kommune i nord og Leirvågen i Vestnes i sør. Frå her strekkjer fjorden seg om lag 12 km austover og går så over i Karlsøyfjorden på nordsida av Sekken.
Fjorden vert kryssa av eit ferjesamband mellom Molde og Furneset