Storfjorden på Svalbard
Storfjorden er ein fjord eller eit havområde mellom Spitsbergen i vest og Barentsøya og Edgeøya i aust. Fjorden strekkjer seg 132 km nordover til Ginevrabotn.
Fjorden startar i sør mellom Boltodden på Spitsbergen og Kvalpynten på Edgeøya. Mellom Barentsøya og Edgeøya går Freemansundet austover til Olgastretet. Storfjorden grensar til Heer Land og Sabine Land på Spitsbergen.