Storhaug er ein bydel som ligg nord-aust i Stavanger kommune. Det bur 11 870 menneske i bydelen (2004), irekna øyane Vassøy (572 innbyggjarar), Langøy (31) og grunnkrinsen Lindøy, Hellesøy og Kalvøy med 33 personar. Flatevidda til bydelen er 6,436 km² (unnateke øyane 3,04 km²). Bydelen omfattar tre valkrinsar: Vassøy, Storhaug valkrins og Varden.

Bydelen har eit internasjonalt preg med folk frå mange nasjonar.