Storstockholm
Storstockholm eller Stor-Stockholm i Sverige er definert av svenske Statistiska centralbyrån som eit storstadsområde (storbyområde) som frå 1. januar 2005 femner om alle kommunane i Stockholms län, og hadde i 2015 eit folketal på 2 205 105.
Før 1. januar 2005 vart ikkje Norrtälje kommun, Nykvarns kommun, Nynäshamns kommun og Södertälje kommun i Stockholms län rekna til Storstockholm.