Straumfjorden i Bø
Straumfjorden er ein fjord på vestsida av Langøya i Bø kommune i Vesterålen. Fjorden strekkjer seg 2 km austover til Straumsjøen i Straume.
Fjorden har innløp mellom Flaskforet fyr i nord og Leiskjer fyr i sør. Ytst i fjorden ligg Kremmarholman og Skjerdingen, medan Vikanøya ligg litt lenger inne. Nord for Vikanøya ligg garden Vikan.