Strekkfastleik

(Omdirigert frå Strekkfastheit)

Strekkfastleik er eit mål for kor stor spenning eller belasting eit materiale kan tola før det oppstår brot. Strekkfastleiken til eit materiale vert prøvd ved å strekkja ein prøvestav til han knekk, og måla krafta som skal til for å få til det. Fastleiken vert då oppgjeven etter kor stor kraft det er i forhold til tverrsnittet på prøvestaven, uttrykt som newton per kvadratmillimeter (N/mm²).

Sjå òg flytegrense

Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.