Opna hovudmenyen

Strinda Idrettslag, stifta 23. januar 1898, er eit idrettslag i Trondheim. Skigruppa i laget vart medlem i Norges Skiforbund i 1908. Andre avdelingar er fotball, friidrett, handball og skøyter.

Friidrett kom med som aktivitet i 1909. I 1910 vart Strinda Fotballklubb innlemma i idrettslaget, i 1915 Jonsvatnet Idrettslag.

Ved 50-årsjubileet i 1948 arrangerte Strinda IL andre del av Noregsmeisterskapen på ski; tevlingane i 4x10 km stafett og 50 km. Det var fyrste gongen eit ski-NM vart avvikla nordafjells. I 1954 arrangerte laget Ski-NM på 50 km og 3x10 km stafett, i samarbeid med den lokale skikrinsen.

KjelderEndra

  • WikiStrinda