Sture Fladmark

norsk fotballspelar

Sture Fladmark (fødd 30. juni 1967) er ein norsk tidlegare fotballtrenar for 2. divisjonslaget Hødd. Han har tidlegare vore trenar for Lyn. Der blei han tilsett i 2002 etter at Stuart Baxter forlét klubben. Han leidde laget til ei leiing på ti poeng midtvegs i den sesongen. Likevel tilsette klubben Hrvoje Braovic på sommaren. Han blei svært upopulær blant spelarane, og blei på hausten fjerna frå stillinga som hovudtrenar. Nokre veker seinare sa han opp kontrakten med klubben. Fladmark overtok igjen ansvaret og førte laget til slutt til ein tredjeplass i Tippeligaen. Etter sesongen fekk Fladmark Kniksen-prisen som årets trenar.

Sture Fladmark
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. juni 1967 (56 år)
Noreg
Idrett fotball
Utmerkingar

Kniksenprisen for årets trener

Trass i suksessen blei Fladmark degradert til assistenttrener då Teitur Thordarson tok over trenaransvaret i 2003. Dei forlét begge klubben same haust.

Etter å ha blitt sparka frå Lyn blei Fladmark assistenttrenar for landslaget til Sør-Afrika, under sin tidlegare sjef Baxter.

I spelarkarrieren sin spelte Fladmark for Aalesund FK og Lyn, og var kjend som ein hardtarbeidande midtbanespelar. Han kom til Lyn i 1990, og blei der til han la opp i 1998. Han spelte 135 obligatoriske kampar for klubben og skåra åtte mål.