Patentstyret
(Omdirigert frå Styret for det industrielle rettsvern)
Patentstyret er ein statleg, norsk etat som er underlagt Nærings- og handelsdepartementet. Hovudoppgåva til Patentstyret er å handsame søknadar om patent, varemerke (trademark) og designregistrering. Direktør i 2011 var Toril Foss. Patentstyret har hovudkontor i Oslo.
Patentstyret har om lag 270 tilsette innan fagområder som juss, teknikk, økonomi/administrasjon, informasjon og marknadsføring.