Substrat
(Omdirigert frå Substratspråk)
Eit substrat er i lingvistikken det språket som opphavleg vert snakka i eit område når eit anna kjem og tek over i samfunnet. Det språket som tek over i samfunnet vert kalla superstrat.
Eksempel på substratspråk
endreEit døme på substrat er det iberiske språket som vart snakka på den iberiske halvøya då Romarriket invaderte halvøya og latin vart offisielt språk. Eit anna eksempel er samisk substrat i nordgermansk.[1] Eit meir heimleg døme er overgangen i det samiske området frå ukjent paleolitisk-europeisk til samisk.[2]
Fotnotar
endre- ↑ Jurij Kusmenko. Der samische Einfluss auf die skandinavischen Sprachen: ein Beitrag zur skandinavischen Sprachgeschichte. [=Berliner Beiträge zur Skandinavistik, 10] Berlin: Humboldt-Universität zu Berlin, 2008. ISBN 978-3-932406-25-6
- ↑ Ante Aikio. An essay on substrate studies and the origin of Saami. Etymologie, Entlehnungen und Entwicklungen: Festschrift für Jorma Koivulehto zum 70. Geburtstag, red av. Irma Hyvärinen / Petri Kallio / Jarmo Korhonen. [=Mémoires de la Société Néophilologique de Helsinki, 63]. Helsinki: SUS, 2004, 5–34